Kva er søkemotoroptimalisering (SEO)?

Ønsker du å lære kva SEO er? I denne artikkelen går vi nærare inn på definisjonen av søkemotoroptimalisering, forklarer kvifor SEO er viktig og kva prioriteringar som kan vere lurt å gjere av hensyn til SEO.

Kva er SEO?

Søkemotoroptimalisering handlar om å vere synleg på søkeord som er relevant for dei produkta eller tenestene du leverer. Med ein god SEO-strategi og riktige prioriteringar kan du rangere høgare på søkeorda som er tett knytta til produkta du sel.

Sjå det på denne måten: Når nokon skriv «vegansk lasagne» inn i Google, så er det stor sannsynlegheit for at resultata viser ei oppskrift, ingrediensar, og instruksjonar på korleis dei kan lage det. Dersom du skriv ein artikkel om vegansk lasagne, så vil du at folk skal finne di oppskrift. For at nokon skal finne den, må du rangere over alle dei andre nettsidene med oppskrifter for vegansk lasagne. Det er ikkje lett, men det er det SEO-markedsføring handlar om.

Det er fleire faktorar i Google sin algoritme som påverker di rangering på ulike søkeord. Denne algoritmen er heile tida i endring, noko som gjer SEO til eit omfattande fagfelt. Mange brukar dermed eksterne bedrifter for å analysere, prioritere og gjennomføre dei riktige tiltaka i optimaliseringa.

Kjerneelement av SEO: On-page SEO og Off-page SEO

Med SEO er det to like viktige delar: on-page SEO og off-page SEO.

On-page SEO

On-page SEO handlar om å bygge innhald for å forbetre rangeringa di. Søkeord bør implementerast på landingssider, innhald bør vere velskrive og produsert på ein jamnleg basis. Då er det viktig å forsikre seg om at metaskildringar og titlar har nok søkeord og er velskrive, i tillegg til andre faktorer.

Off-page SEO

Off-page SEO er den optimaliseringa som skjer utanfor nettstaden i seg sjølv. Dette kan for eksempel vere å få backlinks (ei lenke som fører ein brukar frå ei anna nettside inn til di nettside). Det handlar om å bygge forhold og skape innhald som mennesker ønsker å dele. Sjølv om dette krev mykje arbeid, kan det vere ein viktig grep for å score godt hos søkemotorar.

Bli betre på søkemotoroptimalisering

Å forstå det er éin ting, men SEO krev ofte ein del arbeid og tid. Dette er ikkje endringar du gjer i dag, for å sjå resultata av det i morgon. SEO er arbeid som gjerast dagleg med mål om langsiktig suksess.

Innhald

Bill Gates sa det allereie i 1996, og like sant er det i dag: «Content is king». Dette er viktig fordi ein Google-brukar er glad når dei finn det resultatet som dekkar deira behov på best mogleg måte.

Når du Googlar «oppskrift eplekake», legg Google all sin energi i å finne dei beste oppskriftene på eplekake. Google prøver alltid å gi den beste opplevinga ved å finne det beste innhaldet for brukaren.

Desse tre faktorane spelar inn:

  • Innhald av kvalitet
  • Innhald som svarar på brukaren sin intensjon
  • Innhald som er ferskt

Søkeordsanalyse

Søkeordsanalyse blir gjort av fleire grunnar, men dei to viktigaste er for å rangere høgt hos Google og for å lage relevant innhald. Søkeord kan ofte opne døra til inspirasjon ved å fortelle deg nøyaktig kva folk vil vite basert på det de søker etter.

Tre viktige ting å gjere:

  • Fokuser på riktig søkeord
  • Gjer konkurrentanalyse
  • Kva er søksintensjonen?

HTML

Nettstaden sin HTML er ein viktig del av puslespelet i SEO. Utan skikkelege taggar, overskrifter og skildringar vil Google ha det vanskeleg for å finne ut kva innhaldet ditt handlar om og kvifor det bør rangerast høgare enn konkurrentane.

Når folk les at HTML er ein utfordrande del av SEO, kan det hende at det verker avskrekkande å jobbe med. Men du treng ikkje forstå kode, og prosessen med å endre taggar og skildringar enklare enn mange kanskje trur.

Dette er det du må tenke på når det kjem til HTML:

  • Titteltaggar
  • Metaskildringar
  • Subheading
  • Alt text
  • URL slug
  • Sidekart
  • Mobiltilpassing
  • Pagespeed
  • SSL

Kvifor er søkemotoroptimalisering viktig?

Å jobbe med SEO handlar om å vere relevant og synleg for dine potensielle kundar. Søk har fått ei aukande betydning når avgjersler skal takast, og når det gjerast eit søk har folk ofte eit konkret behov. Slik som eksempelet med den veganske lasagnen.

Nettopp då gjelder det at di bedrift visast fram på ein attraktiv måte, helst lista over konkurrentane.

For mange bedrifter er trafikken frå organisk søk den største og mest lønsame kjelda til trafikk. Trass i ein betydeleg arbeidsinnsats, spesielt i forhold til innhaldsproduksjon, vil du kunne sjå langvarige effektar av smart SEO-arbeid.

Vi tilrår som oftast å starte arbeidet med ei søkeordsanalyse. Den vil avdekke søkevolum, dagens rangering og konkurranse på ulike søkeord.

Kva er organisk besøkande?

Innan SEO er organisk besøkande alle brukarar som kjem til nettstaden frå ikkje-betalte oppføringar i søkemotoren til Google. Desse brukarane har ofte eit stort potensiale for å kjøpe eller vere tilhengarar av bedrifta di, ettersom dei har fulgt anbefalinga til Google i staden for å velje ei betalt annonse.

Brukaren kjem gjerne til nettstaden når han søker etter eit omgrep knytta til bedrifta di. Bedrifta sin nettstad blir rangert såpass høgt i søkeresultata at den er synleg for den som søker, og vedkomande klikker på lenka.

Kva er forskjellen på organisk og betalt søk?

Som nemnd overfor skjer det organiske søk gjennom ikkje-betalte rangeringar på søkeresultatsider. Med betalte søk kjøper annonsørar annonseplassar på dei same sidene gjennom ein auksjonsprosess.

For å bli oppført i organiske søk brukar du søkemotoroptimalisering. Optimaliseringa handlar om å gjere forbetringar som Google meiner kjem til å bidra til ei betre brukaroppleving på nettstaden. Google brukar ei rekke ulike signal, både på og utanfor nettstaden.

I rangeringa av nettsider tar søkemotoren hensyn til faktorar som for eksempel brukargrensesnittet, den geografiske plasseringa og søkaren sin intensjon.

Til forskjell frå dette oppnår du oppføringar i betale søkeresultat ved å legge inn strategiske bod for å tiltrekke besøkande frå annonsene dine og samtidig unngå å betale for mykje ved at det oppstår ein ukontrollert priskrig med konkurrentane.

Organiske søk kan altså utgjere ei langsiktig og påliteleg gratis trafikkjelde, medan du berre blir oppført i betalte søkeresultat så lenge du er villig til å betale for å tiltrekke besøkande.

Bør du satse på betalt søk eller SEO?

Svaret er enkelt. Du bør satse på begge deler.

For å oppnå best moglege resultat med marknadsføringa bør du bruke både SEO og betaling per klikk. Mange brukarar rullar forbi annonsene i søkeresultata, medan mange nyttar seg av dei betalte oppføringane. Dersom du utelukkande fokuserer på anten betalt søk eller SEO, går du kanskje glipp av potensielle kundar.

Organisk søketrafikk er ikkje nødvendigvis umiddelbart tilgjengeleg, men oppretthaldast over tid, er påliteleg og gratis. Dermed får du gjerne høgare avkastning på organisk trafikk frå søkemotorar samanlikna med betalte annonser eller annonsering med betaling per klikk.

Med ein god strategi for søkemotoroptimalisering oppnår du merkevarebevisstheit og relevant trafikk på ein mer kostnadseffektiv måte samanlikna med andre marknadsføringsmetodar.

Så, kva får du med SEO?

Jobb med søkemotoroptimalisering gir deg:

  • Auka digital synlegheit
  • Auka trafikk på nettstaden over ein lengre periode
  • Fleire relevante besøkande som kan gi auka sal