Musea i Sogn og Fjordane illustrasjon underside

Musea i Sogn og Fjordane

I 2009 vart fleire sjølvstendige museum i tidlegare Sogn og Fjordane fylke slått saman og gjekk inn i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). I 2024 driv MiSF 12 museum. Visjonen deira er å vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv.

Kunde
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

År
2022

Nettstad
misf.no

Kunden si utfordring

Ei av utfordringane dei hadde då dei lyste ut anbodskonkurranse om utvikling av nye felles nettstadar, var at fleire av dei tolv musea hadde sine eigne nettstadar frå før. Nokre hadde i lag, andre kvar for seg, og med fleire ulike publiseringssystem. Det var ikkje mogleg for dei som hadde redaktøransvaret for eitt eller fleire museum å logge seg inn éin plass for å redigere alle nettstadane.

Dessutan hadde dei ulike musea sin eigen profil, med ulike logoar, fargar og typografi.

Det var heller ikkje mogleg for dei som ville besøke musea å finne ein oppdatert og samla oversikt over tilboda på dei 12 musea; til dømes kva utstillingar og aktivitetar dei tilbyr til ei kvar tid. Dette var berre eit par av dei utfordringane som måtte løysast i utviklinga av nettstaden

Målet til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) var å få utvikla ein profil og ein nettstad for kvart museum og moderorganisasjonen, med same grunnprofil, t.d. skrifttypar og hovudlogo, men med eigne fargar og eigen variant av logoen for kvart museum. Krava var spesifisert over fem sider, og hovedkravet var å få til saman 13 interaktive samanhengande nettstadar, som er moderne og i tråd med den digitale utviklinga, og å framstå meir profesjonelle og attraktive, og slik freiste fleire til å besøke musea.

Musea i Sogn og Fjordane illustrasjon arrangement
Musea i Sogn og Fjordane illustrasjon framside

Slik løyste vi det

Den første versjonen av profilhandboka var det Miksmaster Creative som fekk oppdraget med å utvikle. Deretter vart vi i Mediebruket saman med andre byrå inviterte til å gje anbod på å utvikle nettstadane. Vi vann konkurransen, og hadde oppstartsmøte med musea i desember 2021.

Både kravspesifikasjonen og tilbodet gav rom for ulike måtar å løyse dei ulike delane av oppdraget på. Det var derfor viktig at vi tidleg i prosjektet sette oss saman med musea si prosjektgruppe for å finne dei beste måtane å gjere det på. Den første overordna utfordringa for Mediebruket var å utvikle til saman 13 nettstadar, som kunne fungere kvar for seg, men som likevel skullle henge saman.

Webdesigner gjekk raskt i gang med å vidareutvikle fargekartet for dei 12 ulike musea, og moderorganisasjonen, slik at at kvar nettstad skulle få sin eigen identitet med ei rekkje fargar som hang ihop på kvar enkelt nettstad. Samstundes jobba prosjektgruppa hos musea med å skaffe seg oversikt over kva innhald i form av tekst, bilete og video dei hadde, og å produsere av nytt materiale.

Logistikken i prosjektet kravde smart bruk av gode verktøy. Undervegs brukte vi Basecamp som verktøy for dialog med prosjektgruppa til musea, og over 30 skribentar og redaktørar. Vi brukte også den norskutvikla Kjernemodellen i ein workshop med prosjektgruppa, for å mellom anna lage strategien for kva og korleis innhaldet skulle lagast, og kva plass det skulle ha på nettstaden.

Til å halde styr på dei par hundre sidene som skulle opprettast og fyllast med innhald, brukte vi Google Rekneark med makro, og utvikla eit system der 34 skribentar la inn lenker for kvar sak, titlar, kommentarar og kryssa av for status. Ei grafisk framstilling over kor mykje som var produsert og publisert, og kor mykje som mangla for kvart enkelt museum, vart løpande automatisk oppdatert slik at prosjektleiinga hadde oversikt over framdrifta.

Publiseringssystemet som vart valt var Statamic. Der er kontrollpanelet reint og oversiktleg ut av «øskja», og dei som redigerer nettstadane har berre tilgang til det dei treng for å jobbe effektivt i det daglege. Der er ingen overflødige element. Dette er viktig på ein nettstad der det skal vere eit par titals skribentar og redaktørar med ulike roller, der nokre har tilgang til alle tretten nettstadane, og nokre berre til éin eller to.

Etter nokre månader med godt samarbeid mellom prosjektgruppa i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og Mediebruket, vart den nye nettstaden lansert i juni 2022 på domenet misf.no.

– Det er no arbeidet startar

Henning A. Hellebust er kommunikasjons- og marknadssjef ved Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, og oppsummerer arbeidet med dei nye nettsidene slik:

– Frå start til mål var dette ein formidabel operasjon. På nokre månader skulle vi lage ein struktur, design og funksjonalitet som skulle dekke våre svært mangfaldige behov. Når det var landa, skulle vi produsere og publisere fleire hundre sider med innhald på norsk og engelsk som hadde si naturlege plassering i systemet. Eg tykkjer vi landa med eit silkemjukt og stilfullt nedslag, nedst i bakken. Mediebruket si erfaring, gode kontinuitet med dyktige folk, mange møtepunkt, relevante prosessar, gode system og praktiske logistikkløysingar bidrog tungt til at Musea i Sogn og Fjordane opplever at vi lukkast godt med målet. 

– Men, som Arild Finne Nybø i Mediebruket minna oss om ved lansering – det er no arbeidet startar. Og det stemmer. Skal ein bli funnen på internett og vere relevant, så er det innhaldet som tel. Det å lage kvalitativt godt innhald er kapasitetskrevjande, men sakte men sikkert ser vi at publikum veks. 

– Så var det ikkje alt som var på plass ved lansering. Ved bruk så ser ein behov for justeringar og fleire løysingar. Her har Mediebruket halde fram med å gje gode råd og løysingar for vidare utvikling. Og Statamic virkar å vere relativt fleksibelt på dei fleste område. Til dømes har vi med relativt små midlar saman utvikla funksjonalitet for scrollytelling. Vi øver oss framleis på å fortelje historiar med eit slikt verktøy, og ser absolutt vidare utviklingspotensiale i løysinga – men no kan vi gjere det. Vi har ei nettside som let oss ta i bruk ei mengd funksjonar for å ta ulike forteljargrep. 

– Så vil vi aldri få vite – korleis hadde det blitt med andre løysingar, ein anna design og struktur, eit anna cms. Og det er garantert framleis ting som kan utviklast til det betre, og vi treng å køyre fleire brukartestar framover for å justere med tida. Men på vegne av Musea i Sogn og Fjordane vil eg sei at eg er stolt av nettstaden vår, og den mogelegheita det gjev oss til å gjere publikum kjent med kulturarven og bli inspirert til å besøke oss på musea. Mediebruket sine folk og løysingar skal ha mykje av æra for resultatet.