Inger Johanne Kaardal på heimekontoret sitt i Lærdal

Inger Johanne i Lærdal brenn for berekraftig digitaldesign som funkar

Lærdal er kanskje mest kjent for vakker natur, jordbruk og rolege omgjevnader. Men her skjer det òg mykje spennande på den digitale fronten. Mediebruket har etablert seg midt i dette landskapet, og med Inger Johanne Kaardal ved roret får både lokale verksemder og organisasjonar tilgang på solid kompetanse innan brukarvennleg og berekraftig design.

Mediebruket, ekspertar på design, utvikling og drift av nettstadar, har no også slått rot midt mellom fjord og fjell i Lærdal. Her finn du Inger Johanne Kaardal, interaksjonsdesignar med blikk for brukarane og hjartet for Indre Sogn – og ja, ho styrer avdelinga frå heimekontor, med planter i bakgrunnen og kaffikoppen innan rekkevidde.

– I Mediebruket er vi ikkje berre opptatt av fancy design og tekniske duppedittar. Vi vil faktisk lage digitale løysingar som funkar for folk i kvardagen – ikkje berre på skjermen, seier Inger Johanne.

Med bachelor i sosialantropologi og utvikling, og vidareutdanning i interaksjonsdesign, har ho både samfunnsforståing og teknisk innsikt. Det gir eit ganske solid utgangspunkt for å lage nettsider som er brukbare, forståelege og tilgjengelege – også for dei som ikkje har doktorgrad i IT.

– Eg tenkjer alltid: Kven lagar vi for, kvifor og korleis? Det er ikkje nok at ting ser bra ut – det må vere intuitivt og enkelt å finne fram, seier ho.

Derfor handlar berekraftig design om meir enn miljøvennlege serverar og grøne knappar. Det handlar om å lage digitale løysingar som varer, kan tilpassast nye behov og held koken sjølv når teknologien får seg ein oppgradering.

– At vi er lokalt til stades i Indre Sogn betyr at vi kjenner landskapet, språkbruken og utfordringane her. Kommunar, bedrifter og organisasjonar får ein samarbeidspartnar som snakkar same språk – og som veit korleis det er å jobbe med digitale prosjekt mellom fjord og fjell, seier ho.

– Å jobbe frå Lærdal gir meg ro og overskot – og det smittar over på løysingane eg lagar.

Mediebruket ser fram til å vera ein aktiv del av næringsmiljøet i Indre Sogn – og bidra med digitale løysingar som faktisk gjer ein forskjell, både for folk og bedrifter.

Våre tenester