Skreddarsydd for dine behov

Vi brukar den nyaste teknologien til å utvikle digitale løysingar og verktøy som effektiviserer drifta di. Dess meir krevjande, dess meir spennande synest vi oppdraget er.

Digitale løysingar

Ei nettside kan vere mykje meir enn einvegskommunikasjon, og fellesnemnaren for alle prosjekta våre er at vi skreddarsyr løysinga til deg og dine behov.

Om du har ein idé og lurer på kor du skal starte kan du kontakte oss. Vi rådgir deg vidare. Vi stiller dei rette  spørsmåla og tilbyr gjerne eit forprosjekt om vi ser at det er lurt.

Prosjektløp

1. Uforpliktande samtale

Du tar kontakt med oss heilt uforpliktande. Vi høyrer på ønska dine, stiller spørsmål og kjem med innspel, alt etter kva mål du har. Når mål og ønsker er kartlagt leverer vi eit tilbud til deg.

2. Forprosjekt / Estimering

Dersom det i samtalen viser seg å være ein stor jobb kan vi avtale å utføre eit mindre forprosjekt. Det hjelper deg å få oversikt over omfanget, og vi kan rådgi deg om kva du bør ha med i løysinga di. Vi utfører kun forprosjekt om vi trur det vil kome deg og sluttproduktet til gode. Ved enklare nettsider treng vi ikkje forprosjekt, då startar vi rett på steg 3: utvikling og design.

3. Utvikling og design

Når målet for sluttproduktet er kartlagt set vi i gang med utvikling og design. Vi har tett og løpande kontakt med deg undervegs slik at vi sikrar at sluttproduktet blir slik du forventar.

4. Ferdigstilling og lansering

Når du er fornøgd går vi i gang med lansering. Vi tek oss av alle tekniske oppdateringer og sikrar at løysinga di fungerer til ei kvar tid. For å sei det enkelt: Du treng ikkje ha «peiliing på data» for å vedlikehalde nettstaden teknisk, det er det vi som gjer. Og vi kan hjelpe deg med innhaldet om du vil.

Er det noko anna vi kan hjelpe deg med?