Nettsider

Nettsida er ansiktet til bedrifta di og det fremste verktøyet ditt i markedsføringa. Som det første potensielle kundar ser lønnar det seg å halde den oppdatert. Vi i Mediebruket er ekspertar på å lage knallgode nettsider med brukarvennleg design, og vi sørgjer for at den er teknisk solid og driftssikker.

Ei nettside som bygger merkevara di

I tett samarbeid med deg lagar vi ei nettside som styrker merkevara di. Hos oss møter du dyktige webdesignarar, utviklarar og rådgjevarar med ekspertise og solid erfaring innan digital produktutvikling.

Du kan redigere nettsida sjølv, eller be oss om hjelp

Responsivt design tilpassa alle skjermstørrelsar

Trygge oppdateringar og sikkerheitssertifikat

Inga bindingstid – sei opp når du vil

Korleis skal nettsida di sjå ut?

Ei nettside bør alltid basere seg på behova til dei som skal bruke den, og saman kjem vi fram til kva som passar best for di verksemd. Gjennom innsikt, innhaldsprioritering og tidsriktig design lagar vi knallgode nettsider brukarane dine elskar å bruke.

Eksempel på kva vi har utvikla finner du under referansar.

Rimeleg og enkel nettside

Av erfaring veit vi at bedrifter har ulike ønskjer og behov. Er du nyoppstarta eller driv ei lita bedrift har du kanskje eit avgrensa budsjett å bruke på nettside og treng berre ei rimeleg og enkel løysing. Våre rimelege nettsider er basert på eit fleksibelt rammeverk som også er responsivt slik at innhaldet tilpassar seg mobil, nettbrett og PC-skjerm. Enkle nettsider tar mindre tid å bygge enn dei som skal utviklast frå grunnen, men stettar dagens krav til universell utforming, hastigheit og sikkerheit.

Avansert nettside

Få alt nøyaktig slik du ønskjer med ei skreddarsydd løysing. Ei avansert nettside er for deg som har litt romslegare budsjett då det krev eit større team med webdesigner, webutviklar og prosjektleiar. Nettsida kan romme kva du måtte ønskje, og byggast ut med funksjonalitet som innlogging for brukarar og integrasjon mot andre system, for å nemne noko.

Kvifor velje Mediebruket?

Mediebruket er eit teknologibyrå med spisskompetanse på nettsider og digitale løysingar. Vi ønskjer å hjelpe bedrifter og organisasjonar med å nå forretningsmåla sine og lykkast digitalt med ei knallgod nettside.

Nettsideprosessen

Hos oss møter du rådgjevarar, designarar og utviklarar med tung og brei erfaring. Som kunde får du ein rådgjevar å forhalde deg til som du enkelt kan kontakte. Rådgjevaren tar deg gjennom prosessen med å utvikle di nye nettside, og vil sørge for at den følgjer med i tida etter den er lansert.

Drift og support

Vi tar hand om hosting, vedlikehald og oppdateringar av programvara nettsida er bygd på. Med driftsavtale hos oss får du tilgang til supportkanalen vår der du finn rettleiingar og kan sende oss førespurnader som du raskt får svar på.

Fleire tenester frå oss