Ny EU-lov gjorde tilgjenge på nett til eit lovkrav frå 28. juni 2025 – også i Noreg.
Gjennom EØS-avtalen skal regelverket takast inn i norsk rett (det pågår per no ein prosess for å få det inn i nasjonalt regelverk). Dette betyr at mange norske bedrifter må tilpasse nettstadane og dei digitale tenestene sine slik at dei fungerer for alle – også for personar med nedsett funksjonsevne.
Dette er ikkje berre noko som gjeld store konsern og offentleg sektor. Dei nye krava slår inn for alle som tilbyr tenester eller produkt digitalt – frå nettbutikkar og reiseliv til bank, transport og små lokale tenester.
Viktig å vite om overgangsreglar
Sjølv om krava i European Accessibility Act er på veg inn i norsk lov, betyr ikkje det at alt må vere klart over natta. Det blir overgangsreglar: Eksisterande tenester og innhald som er publisert før reglane trer i kraft, vil i mange tilfelle få tid til å tilpasse seg – så lenge dei ikkje blir oppdatert eller brukt på nytt. Reglar om tilgjenge gjeld altså først og fremst for nytt innhald og nye tenester. Det løner seg likevel å starte tilrettelegginga tidleg – både for brukarane av dei digitale teneste, og for eiga tryggleik.
Gjeld dette oss?
For dei aller fleste som driv med nettløysingar, er svaret ja. Dersom du har ein nettstad der kundar kan kjøpe noko, lese informasjon, bestille tenester eller komme i kontakt med deg, fell du inn under dei nye reglane. Det gjeld også appar, netthandel, billettløysingar og mykje anna som skjer digitalt.
Det er eitt unntak: mikroverksemder – altså bedrifter med færre enn ti tilsette og under to millionar euro i årleg omsetning (tilsvarar ca. 23,6 millionar norske kroner pr. juli 2025) – kan vere unntatt frå tenestekrava. Men det gjeld ikkje for produkt, og det fritek deg heller ikkje frå ansvar knytt til anna regelverk, tilgjenge for kundane dine eller omdømet ditt.
I praksis er det slik at dersom du har ein nettstad som rettar seg mot kundar – og du vil framstå som profesjonell – bør du vere på linje med desse krava, uavhengig av kor stor bedrifta di er.
Kva inneber det i praksis?
At nettstaden din må fungere like godt for ein person som brukar tastatur i staden for mus, som for ein som brukar mobil. At kontrastane er gode nok til å kunne lesast av folk med dårleg syn. At bilete har alternativ tekst som skjermlesarar kan lese opp. At knappar og skjema er tydelege, og at det går an å finne fram utan å bli forvirra. Og at videoar – om du har det – har teksting eller alternativ.
Alt dette er krav i retningslinjene WCAG 2.1 nivå AA – som no er minstekravet du må forhalde deg til. Dette er tekniske standardar, men dei har stor påverknad på brukaropplevinga. Og sjølv om det høyrest omfattande ut, handlar det i stor grad om struktur, god praksis og bevisstheit.
Visste du at…?
…God kontrast på tekst er ikkje berre for dei med synshemming. Det hjelper også kundar som står i sola, med mobil med fingeravtrykk som prøver å sjå om det står «Gratis frakt» eller «Gløymt passord».
Kva betyr dette for deg som kunde hos Mediebruket?
Du treng ikkje kunne dette sjølv – det er det me er her for. Når me lagar nettstadar for kundane våre, sørgjer mr for at dei byggjer på riktig teknisk grunnlag, med WCAG-standardane i botn. Me lagar design som både ser bra ut og fungerer godt for alle brukargrupper, og me testar innhaldet for å sikre at det oppfører seg som det skal – også når det blir brukt på ein annan måte enn kva me kanskje fyrst tenkte.
Dersom du alt har ein nettstad som blei laga før desse krava kom, betyr ikkje det at du må bygge alt på nytt. Men det kan vere lurt å ta ein gjennomgang. Innhald som ikkje blir oppdatert, er i utgangspunktet unnateke. Men om du legg til nye tenester, oppdaterer tekst, legg ut nye videoar eller endrar på strukturen, gjeld lova med ein gong.
Kvifor er dette viktig – utover lovkrav?
Universell utforming handlar først og fremst om respekt for dei som brukar dei digitale tenestene dine. Mange eldre slit med dårleg syn. Nokre av kundane dine brukar skjermlesar. Andre navigerer nettstaden din på mobil medan dei er på farten. Og om dei ikkje får det til å fungere – så gir dei opp.
I tillegg handlar dette om tillit. Ein nettstad som er ryddig, tydeleg og enkel å bruke, blir også oppfatta som meir profesjonell. Det aukar sjansen for at folk blir verande – og faktisk tek kontakt.
Våre tenester

Nettsider

Søknadssystem

Digitale løysingar
