Mediebruket frå forloving til ekteskap med Maksimer

E-handelsbyrået Maksimer vart for tre år sidan medeigar i Mediebruket i Førde. No kjøper dei seg vidare opp til 80 prosent av aksjane, medan fire tilsette eig fem prosent kvar. Dagleg leiar og gründar Arild Finne Nybø sluttar etter eige ønskje til våren.

Arild Finne Nybø sel seg samtidig ut av selskapet han starta for snart 18 år sidan. Mediebruket held fram som ei sjølvstendig eining i Maksimer-konsernet.

– Maksimer og Mediebruket er jamgamle, og vi går no frå forloving til ekteskap for å styrkje tenestetilbodet til etablerte og nye kundar, seier Morten Jørs, styreleiar i Mediebruket.
– Arild har gjort ein kjempejobb gjennom snart 18 år med å byggje opp ei verksemd med dyktige og stabile tilsette, og eit solid kundegrunnlag.

– Det er ei tid for alt, og eg føler det no er rett å gi ansvaret for å føre Mediebruket vidare til nokon andre. Vi har særs kompetente medarbeidarar som kundane har stor tillit til, og økonomien i selskapet er god, seier Arild Finne Nybø.

– Kva eg skal finne på når arbeidsforholdet i Mediebruket er avslutta har eg ikkje teke stilling til endå, men eg ser fram til mindre ansvar og kanskje litt rolegare dagar.

Nybø vil halde fram i stillinga ut mars neste år, og før den tid vil styret avklare den vidare leiinga. Men hovudkontoret blir verande i Førde, og styreleiar Jørs seier endringane på eigarsida ikkje får konsekvensar for dei tilsette.

Digitale tenester til tusen

For Mediebruket har utvikling og drift av nettsider av ulik storleik og kompleksitet vore hovudarbeidsområdet. Sidan starten i 2009 har dei levert digitale tenester til over 1 000 kundar over heile landet, dei aller fleste i gamle Sogn og Fjordane, og mange i samarbeid med lokale reklamebyrå som blant andre A til Å Grafisk Design & Media i Florø, Mediehuset Hallingdølen og Frequency i Nordfjord.

Eit satsingsområde for Mediebruket innan nettsider er skreddarsydde søknadsløysingar. Desse vert nytta av alt frå bankstiftingar som deler ut pengar, til Statens Kunstutstilling Høstutstillingen, som tek imot og behandlar søknadar frå kunstnarar.

Frå løysing og drift til trafikk og vekst

– Vi ser betydelege moglegheiter for å utvide tenestespekteret til kundane, mellom anna innan digital marknadsføring. Gjennom dotterselskapa kan konsernet tilby spesialistar innan ytelsesmarknadsføring og synlegheit i søk, også innan KI. Dette i tillegg til kjerneverksemda til Maksimer, som i alle år har vore rådgjeving og utvikling av netthandelsløysingar, nasjonalt og internasjonalt. På den måten vert Mediebruket ein totalleverandør, frå rådgjeving, løysing og drift til trafikk og vekst, framheld Morten Jørs.

– Kundane beheld den lokale kontakten i Førde og på kontora på Sandane, i Lærdal og Voss, og får dessutan tilgang til fagmiljøet i heile Maksimer-konsernet med over 70 ekspertar.

Dagleg leiar og grunnleggjar av Mediebruket, Arild Finne Nybø (t.v.), og operativ leiar i Maksimer og styreleiar i Mediebruket, Morten Jørs, markerer at Maksimer no kjøper seg opp til 80 % eigarskap. Foto: Vanja Birkelid.

Våre tenester