– I Mediebruket ynskjer me å vera tett på kundane våre, og mange set pris på at me er lokalt til stades og kjenner lokale forhold. Voss er eit viktig knutepunkt for både turisme og næringsliv i vekst, og ei rekkje verksemder i regionen har allereie samarbeidd med Mediebruket i fleire år, seier ho.
Frå kontoret i Aasgården i Uttrågata 36 på Vangen, og ved hjelp av medarbeidarane i Lærdal, Førde og på Sandane, kan Guro tilby alt frå dei enklaste heimesider til avanserte skreddarsydde digitale verktøy.
– Ved å vera til stades lokalt kan Mediebruket følgja opp eksisterande kundar tettare og bidra til digital utvikling i ein region med stort potensiale, seier ho.
– Når nokon tek kontakt og ønskjer pris på ei nettløysing, så spør eg alltid først kunden om kva behov dei vil løysa. Deretter kan me gje råd som sparar både tid og pengar for kunden, og i fellesskap kan me koma fram til kva som vil vera den beste løysinga, laga ein enkel kravspesifikasjon, og setja opp eit uforpliktande tilbod. Det er ikkje alltid ei nettside er svaret. Kontakt meg, så tek me ein kopp kaffi og finn ut av det, seier Guro.
– Men like viktig er oppfølgjinga me kan gje etter at nettløysinga er lansert. Då er det viktig å vedlikehalde og vidareutvikle løysinga, og sørgje for at den held seg innanfor dei strenge lovkrava til personvern og universell utforming. I Mediebruket er me med heile vegen, og kan gje råd og hjelpe til med drifta.
Guro har lang og brei erfaring i Mediebruket som senior prosjektleiar, og har også vikariert for dagleg leiar i ein lengre periode. Selskapet driftar kring 450 nettstadar.
Av nyare og større prosjekt som Guro har vore ansvarleg for kan nemnast den omfattande søknadsportalen til Sparebanken Norge (tidlegare Sparebanken Vest), nettstadar til Vegtilsynet og Opplæringskontoret for Indre Hordaland på Voss, nettstadar til 12 bibliotek i Hordaland på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune, nettbutikk til Noregs største private vidaregåande skule Akademiet og eit femtitalls mindre nettsider for bedrifter over heile landet.
Mediebruket ser fram til å vera ein aktiv del av eit levande næringsmiljø – og til å bidra med digitale løysingar som styrkjer både reiselivsnæringa og anna verksemd på Voss.
Guro er frå Voss, og då ho starta i Mediebruket i 2013 kom ho frå stillinga som forretningsutviklar i Left Brain Marketing i Bergen.
Mediebruket vart starta i 2009 av ein annan vossing, Arild Finne Nybø, etter at han hadde arbeidd som web- og kanalredaktør i media i mange år. Debuten hans i media var i Radio Voss, for dei som hugsar attende til tida då den var i drift. Arild er dagleg leiar i Mediebruket, og tek gjerne på seg oppdrag med å halde kurs eller førelesingar både i kommunikasjon generelt, og digitale tenester og nettsider spesielt.
Våre tenester

Nettsider

Søknadssystem

Digitale løysingar
