Hosting og support

Vi tar hand om vedlikehald, og tekniske oppdateringar av nettstaden og all programvare som nettløysinga di er bygd på. Inkludert i hostingavtalen er tilgang til vår supportkanal. Vi gir deg den beste kundeservicen og rask responstid.

Kva får du med hosting hos oss

100% kundeservice

«Hosting» er eit engelsk ord vi brukar som samleomgrep for teknisk drift, lagring og vedlikehald av ei datateneste. Med ein hostingavtale hos Mediebruket treng du ikkje lenger tenkje på det tekniske ved nettsida, det ansvaret er vårt. Vi hjelper deg med alt du måtte lure på når det kjem til nettsida eller den digitale løysinga gjennom vår supportkanal. Vi set vår ære i at vi skal svare deg raskt, og at du skal få suveren kundeservice.

Ingen bindingstid

Vi ønsker at du skal vere kunde hos oss fordi du sjølv vil og fordi du trivst med det vi kan levere, og ikkje fordi du har signert på ein avtale der du er bunden fram i tid. Vi lever av ryktet vårt, og at kundane våre er fornøgde med oss. Derfor har vi ikkje bindingstid på tenestene våre. Saman kjem vi lenger.

Teknisk vedlikehald av nettstaden

Vi tar hand om vedlikehald, oppdateringar av plattform og tilleggsprogramvare, gjerne kalla plugins. Hostingavtalen inkluderer backup av nettsida, oppsett og vedlikehald av domene, server, SSL og overvaking av brotne lenker, alt etter behov og ønske. Dette bidrar til å auke sikkerheit og levetid for nettsida slik at alt fungerer som det skal – til alle tider på døgnet.

Er det noko anna vi kan hjelpe deg med?