
Hosting og support
Vi tar hand om vedlikehald, og tekniske oppdateringar av nettstaden og all programvare som nettløysinga di er bygd på. Inkludert i hostingavtalen er tilgang til vår supportkanal. Vi gir deg den beste kundeservicen og rask responstid.
Administrert WordPress-hosting
Mediebruket driftar WordPress-nettstaden din aktivt med såkalla administrert hosting eller administrert teknisk drift. Det betyr at vi har eigne personar som arbeider med å sikre at nettsida di held seg oppdatert, er sikkerheitskopiert og er tilgjengeleg over heile verda i alle nettlesarar.
I tillegg er driftspersonalet parat om maskinene som inneheld nettstaden skulle få problem.
Dette, saman med strenge sikkerheitsrutinar, gir deg tryggleik rundt drifta av nettstaden din.
Kva får du med hosting hos oss
Moderne infrastruktur for nettstaden din
Nettsida di hos oss er drifta i moderne datasenter med alt av naudsynt infrastruktur for å halde den sikker og i drift så mykje så mogleg. Vi ordnar all konfigurering og sikring av nettstaden slik at den har riktige innstillingar frå domene, sertifikat, brannmurar, virusbeskytting og meir.
Vi gir dykk publiseringssystemet de treng for å publisere eige innhald. Lisensar for ei lang rekkje nyttige tilleggfunksjonar er inkludert i driftskostnaden.
Daglege sikkerheitskopiar
Vi tek sikkerheitskopiar av nettstaden kvar dag. Dermed kan nettstaden din gjenopprettast nett slik den var om noko alvorleg skulle skje med den.
Direkte hjelp frå oss som lagar nettsidene
Hos oss får du direkte tilgang til hjelp og støtte utan omvegar. Det gjer at vi har kort veg frå å forstå eit problem eller eit behov du har, til ordne det for deg.
Inga bindingstid
Vi likar ikkje bindingstid på tenester. Behov endrar seg. Hjå oss er du kunde berre så lenge du er nøgd. Treng du ikkje tenestene våre lenger, kan du seie opp utan å bli straffa økonomisk for det.
Treng du ei trygg og god hostingavtale?
Vi tilbyr høg kvalitet og ein knallgod service.

Om Mediebruket
Mediebruket AS vart etablert i Førde i 2009 og held til i Førde. Vi har spesialisert oss på drift og utvikling av nettstadar, store og små. Vi driftar i dag kring 400 nettstadar, frå dei enklaste heimesider, til store og avanserte system som t.d. bankar brukar for å ta imot søknadar og dele ut midlar. I 2023 vart vi ein del av Maksimer-konsernet og er såleis ein del av det største WordPress-miljøet i Norge.