Søknadssystem

Mange bedrifter og stiftelsar ønskjer å støtte grupper eller lokalsamfunn i å nå måla sine. Vi ser at behandling av søknadar kan bli overveldande, og at det å hjelpe blir ein lang og vanskeleg prosess.

Gjer det enkelt å hjelpe

Når ein må sette saman eit behandlingssystem sjølv, med dei verktøya ein har for tilgjengeleg, kan det fort bli uoversiktleg og tidkrevande å behandle søknadar på ein god måte.

Mediebruket har utvikla ei løysing for søknadsbehandling som lar deg motta, behandle og gi tilbakemelding til søkarane gjennom eit og samme system på ein enkel måte.

Søknadssystemet kan tilpassast organisasjonen sine ønskjer og behov med tanke på både utsjånad og arbeidsflyt.

Standard søknadssystem

Standard er vår mest populære løysing, og gir deg dei mest vanlege funksjonane du treng for å kunne behandle søknadar på ein effektiv måte. Denne løysinga har også rom for fleire typar søknadar samtidig.

Brukarkonto-system for søkarar og søknadsbehandlarar, med enkel registrering for søkarane

Opptil 3 forskjellige søknadsskjema til bruk i ulike kampanjar

Søkarar kan lagre ein kladd og fortsette søknaden senere

Saksbehandlarane kan kommentere på søknaden internt seg i mellom

Utsending av standardiserte e-postar til ein eller fleire brukarar med e-postmalar, for eksempel bekreftelse på innsendt søknad, og e-postar om tildeling og avslag til søkar

Moglegheit til å sette opp sluttrapportkrav hos søkarane, der dei må dokumentere bruken av støtten

Sikker drift og lagring av all data i vårt administrerte hostingmiljø

Avansert søknadssystem

Søknadssystema vi leverer vert tilpassa organisasjonen sine behov og arbeidsmetodikk. Utviklarane og designarane våre jobbar tett saman med dykk for å lage eit system som forbetrer arbeidskvardagen dykkar, og som ivaretar søkarane sine behov for ein enkel og forutsigbar søknadsprosess.

I tillegg til funksjonane som inngår i Standard Søknadssystem kan vi eksempelvis levere:

Fleirstegs godkjenning av søknad

Ein ekstra sikkerhet for deg som deler ut store beløp og har fleire partar som skal involverast for godkjenning. Fleirstegsgodkjenning kan settast opp på ulike måtar som passar organisasjonen din sine rutinar.

Periodestyrt rapportførespurnadar

For deg som støttar prosjekt med ulike etappar, og som ønskjer rapportering frå søkarane undervegs. Vi kan sette intervall for når du ønskjer innrapporterte tal, og varsel til søkar blir sendt ut automatisk.

Fleirårige tildelingar

Nokon stiftelsar deler ut midlar som skal fordelast over fleire år. Vi hjelper deg å sette opp eit system som gjer at du har full oversikt over kven som skal motta penger når, og kva tildelinger som er ferdig utbetalt. Det kan settast opp valfrie krav før ei utbetaling skal skje, for eksempel at ein perioderapport skal leverast før søkar kvalifiserer til å motta ei ny delutbetaling.

Automatiske purringar ved utelatt sluttrapport

Nokon gonger treng søkarane ei påminning om at noko må gjerast, og i vårt system treng det ikkje vere din jobb å purre. Vi sender påminnelse til dei som ikkje leverer rapport innan avtalt tid, og auker sjansen for at du får det du treng.

Statistikk over tildelte midler

I ein travel kvardag syntes mange organisasjonar og stiftelsar det er utfordrande å synleggjere for offentlegheita kor mykje dei gir tilbake til samfunnet kvart einaste år. Vi kan sette opp statistikkar over valfrie parameter som viser kor mykje dere har delt ut.

Basis søknadssystem

Ei enkel løysing vi kan levere på kort tid, for deg som ønskjer ein enkel og god måte å behandle søknader på.

Avanserte funksjonar

Desse funksjonane må kjøpast i tillegg

Legitimering med Vipps

Enkel og sikker innlogging som både søknadsbehandlar og søkar med Vipps, då treng ein ikkje hugse brukarnavn og passord, og du er sikker på at søkar er den dei seier.

Oppslag i Brønnøysundregisteret

Med integrasjon mot Brønnøysundregisteret er du forsikra at søkarane oppgir riktig informasjon. Du unngår skrivefeil i organisasjonsnummer, adresser og liknande.

Oppsett av tilpassa e-postar og utsending

Hald alle informert ved å sende e-post til alle samtidig, eller send kun til utvalde søkarar.

Filter for å sjå det du treng

Med filter ser du kun søknadane  du treng å forholde deg til i øyeblikket, filtrer på status, søknadstype, og mykje meir.

Er det noko anna vi kan hjelpe deg med?