Jobb effektivt og smart

Søknadssystemet sørgjer for ein enklare og meir oversiktleg søknadsprosess, kor du gjennomfører all behandlinga i eitt system.

Søknadssystem

Søknads­systemet

Søknadssystemet vi skreddarsyr for ditt behov er eit digitalt verktøy for mottak og behandling av søknader. Verktøyet er utvikla for å hjelpe stiftelsar som deler ut pengar for  til å effektivisere arbeidet med søknadsbehandling, og å gje ein oversiktleg prosess. Men det kan også brukast til andre føremål, t.d. brukar Statens Kunstutstilling Høstutstilingen  systemet for å ta imot og behandle søknader frå kunstnarar som ønskjer å stille ut. 
Få gratis demo på søknadssystem.

Dette får du

Kva får stiftelsen?

Programvara sørgjer for at du mottar søknader med vedlegg gjennom nettstaden, og med èi og same løysing kan du både ta imot og ferdigbehandle søknader til ulike formål. Søknadssystemet sørgjer for ein enklare søknadsprosess, med all behandling i eitt system.

Organisert behandling av søknader

Du har som søknadsbehandlar full oversikt over alle mottatte søknader, der du kan lese heile søknaden og behandle den. Om ønskjeleg kan det leggast inn eit internt diskusjonsfelt, slik at dere kan kommentere ein søknad i forkant av f.eks. tildelingsmøte. Når søknadene er ferdigbehandla kan du setje opp e-post om vedtak, og du kan til ei kvar tid sjå kven som har levert sluttrapport og ikkje – viss det er eit krav hos deg.

Arbeidsprosess med rollar

Om du ønskjer kan du fordele ansvar gjennom rollar knytt til jobboppgåver. På denne måten kan du skape god arbeidsflyt gjennom heile prosessen i mottak og behandling av søknader.

Vedtak, utbetalingsanmodning og sluttrapport

Du sender ut vedtak til søkar, og vidare løp kan tilpassast dine rutinar. Du kan be søkar sende utbetalingsanmodning når prosjektet skal startast opp, og sluttrapport når prosjektet er ferdigstilt.

FordelAr

Fordelar du får gjennom løysinga

Enkel registrering for søkar

Søkar opprettar enkelt ein konto i søknadsportalen sin, slik at dei kan sende inn ein søknad. Det er enkelt og oversiktleg for søkar å følge instruksane for oppretting av konto.

Kontrollpanel

Som saksbehandlar har du full oversikt over prosessen for kvar enkelt søkar. Kontrollpanelet gir tilgang til behandla søknader, ubehandla søknader, søknader under behandling, tildeling og varsling, rapportering, arkivering og historikk.

Søkar mottar e-postbekreftelse automatisk

Søkar kan få automatisk e-postbekreftelse når søknaden er lagra som kladd eller er sendt inn. Søkaren kan dermed være trygg på at søknaden har kome fram til deg.

Varsling

Få varsel når søknader kjem inn og tildel roller for kven som skal gjere kva. Med varsel kan du raskt gå inn i systemet for å handtere søknaden der og då.

Innlogging med Vipps

Om ønskjeleg kan det setjast opp sikker innlogging med Vipps. Vipps har integrert BankID og er heilt gratis. BankID er ein elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett. Med Vipps-innlogging vert innlogginga trygg, og for søknader til f.eks pengestøtte kan elektronisk identifisering vere nødvendig.

Integrasjon mot Brønnøysundregisteret

Om du mottar søknader fra organisasjonar kan registreringsskjemaet ha integrasjon mot Brønnøysundregisteret.

Referanse

Fornøgde kundar

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest er ein av våre fornøgde kundar. Dei ønska å bruke løysinga for søknader om prosjektstøtte og søknader til korona-fondet deira.

– Eg er veldig positiv til jobben Mediebruket har gjort for oss, dei har vore tilpasningsdyktige og flinke til å snu seg rundt etter kvart som problemstillingar har dukka opp, seier prosjektleiar for samfunnsansvar Giske Eggen i Sparebanken Vest.

Kontakt oss

crossmenuarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram