Søknadssystem

Mediebruket tilbyr skreddarsydde verktøy bygd på velprøvd teknologi til behandling av søknadar.

Verktøyet lar deg motta søknadar med vedlegg gjennom dei ordinære nettsidene dykkar, eller sider på eit av dykkar underdomener på Mediebruket sine sikre serverar. I èi og same løysing kan du både ta i mot og ferdigbehandle søknadane. Søknadsløysingane våre passar dei fleste som treng ein plattform for mottak og behandling av søknader.

Vi leverer alt frå heilt enkle søknadsskjema, til meir avanserte skjema med ulike brukarar og roller. Søknadsløysinga kan setjast opp med skreddarsydd prosessflyt for behandling av søknadane, tildeling og varsling, rapportering, arkivering og historikk.

Brukar du lang tid på behandling av søknadar?

Er det utfordrande å sortere og gjennomgå søknadane?

Er du usikker på om alle saker blir ivaretatt, og brukar du mykje tid på å dobbeltsjekke?

Slik treng det ikkje vere…

Bilde av kontoransatt med store søknadsbunker.

Effektiv søknadsbehandling med vår søknadsløysing

Den prosessen bedriftene eller stiftingane brukar fleire veker på, kan ved hjelp av vår løysing gjerast på eit par dagar.

I våre søknadsløysingar kan du handtere alt i eitt system, med stegvis behandling om du vil, heilt frå mottatt søknad til innvilga/godkjend eller avslått søknad. Rekneark og epost blir overflødig. Kvar søknadsløysing vi leverer er unik, og spesielt tilpassa kvar enkelt kunde. Men felles for alle er at du samlar alle oppgåvene som ein søknadsbehandlar skal gjere i eitt og same system. Dette gjer flyten for behandling meir oversiktleg og ryddig.

Bilde av kontoransatt som slapper av med beina på bordet der det står bærbar datamaskin.

Velprøvd system

Døme på det vi har levert er søknadsskjema for innsending og behandling av jobbsøknadar, søknadar om pengestøtte frå stiftingar eller bedrifter som driv sponsorverksemd, søknad om å bli antatt til utstilling m.m.

Blant dei større kundane vi har sett opp og driftar søknadsbehandlingsløysingar for er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Statens Kunstutstilling Høstutstillingen, Sparebankstiftinga i Fjaler, Norsk Fotografisk Fond, Nasjonalmuseet, Framtidsfylket og Sunnfjord Energi.

Vi set også opp løysingar for påmeldingsskjema med betaling, t.d. påmelding og betaling til motbakkeløpet Bystien Førde Opp, med eksport av lister for import i Emit (ETiming).

Døme på andre tenester Mediebruket har utvikla og driftar finn du under Referansar.

Å vere god på nett krev systematisk arbeid.

Bjørn LeirdalRådgjevar, Lotteri og stiftelsestilsynetlottstift.no