Skreddarsydd for dine behov

Vi bruker den nyaste teknologien til å utvikle digitale løysingar og verktøy som effektiviserer drifta di. Dess meir krevjande, dess meir spennande synest vi oppdraget er.

Andre digitale løYSingAr

Digitale løysingar

Ei nettside kan vere mykje meir enn einvegskommunikasjon, og fellesnemnaren for alle prosjekta våre er at vi skreddarsyr løysinga til deg og dine behov.

Kontakt oss

Om du har ein idé og lurer på kor du skal starte kan du kontakte oss. Vi rådgir deg vidare. Vi stiller dei rette  spørsmåla og tilbyr gjerne eit forprosjekt om vi ser at det er lurt.
Kontakt oss for ein prat

PROSJEKTLØP

Eit typisk prosjektløp

4 steg til ny løysing

1. Uforpliktande samtale

Du tar kontakt med oss heilt uforpliktande. Vi høyrer på ønska dine, stiller spørsmål og kjem med innspel, alt etter kva mål du har. Når mål og ønsker er kartlagt leverer vi eit tilbud til deg.

2. Forprosjekt / Estimering

Dersom det i samtalen viser seg å være ein stor jobb kan vi avtale å utføre eit mindre forprosjekt. Det hjelper deg å få oversikt over omfanget, og vi kan rådgi deg om kva du bør ha med i løysinga di. Vi utfører kun forprosjekt om vi trur det vil kome deg og sluttproduktet til gode. Ved enklare nettsider treng vi ikkje forprosjekt, då startar vi rett på steg 3: utvikling og design.

3. Utvikling og design

Når målet for sluttproduktet er kartlagt set vi i gang med utvikling og design. Vi har tett og løpande kontakt med deg undervegs slik at vi sikrar at sluttproduktet blir slik du forventar.

4. Ferdigstilling og lansering

Når du er fornøgd går vi i gang med lansering. Vi tek oss av alle tekniske oppdateringer og sikrar at løysinga di fungerer til ei kvar tid. For å sei det enkelt: Du treng ikkje ha "peiliing på data" for å vedlikehalde nettstaden teknisk, det er det vi som gjer. Og vi kan hjelpe deg med innhaldet om du vil.

PROSJEKT

Nokre eksempel på kva vi har utvikla

Digitalt årsmøte / generalforsamling / styremøte

Mediebruket tilbyr skreddarsydde verktøy bygd på velprøvd teknologi for å avhalde av digitale avstemmingar. Du sender oss ei liste over aktive medlemmer / dei som skal kunne stemme under årsmøtet. Vi gir desse brukartilgang til portalen din, slik at dei kan legge inn sine stemmer. Skjemaet og prosessen kan sjølvsagt tilpassast deg og dine behov.

Når alle har avgitt stemmene sine får du ei anonymisert statistisk visning av resultata. Enkelt og greit!
Les meir om digital avstemming

Digital infotavle

Ei digital infotavle er nyttig på mange vis. Mediebruket tilbyr oppsett og drifting av innhaldet på infotavler til våre nettstadkundar.

Det er berre fantasien som set grenser for kva ei digital infotavle kan brukast til. Den kan blant anna fungere som vegvisar, som marknadsføringsplattform, som presentasjon på messer og for å informere om viktige hendingar.
Les meir om digital infotavle

Min logg

Opplæringskontora skal sikre at lærlingar i dei mange ulike medlemsbedriftene gjennomfører hundrevis av oppgåver i samsvar med læreplanen. For å kvalitetssikre at opplæringa skjer etter nasjonale læreplanar ønskte Bilbransjens Opplæringskontor Sogn og Fjordane at vi utvikla eit digitalt loggsystem som gir betre oversikt for alle partar. Dette har resultert i eit system som no er tilgjengeleg for alle opplæringskontor som ønskjer det.

I Min logg kan lærlingane logge oppgåver raskt og enkelt. Lærlingen, lærebedrifta og opplæringskontoret kan enkelt sjå kva læreplanmål lærlingen mangler øving i.
Les meir om prosjektet

Integrasjon mot administrasjonssystemet til Norges største private vidaregåande skole

Akademiet er Norges største private vidaregåande skole og har eit breitt utvalg av studiar fordelt på 12 vidaregåande skolar, 9 privatistskolar og nettstudier. Mediebruket har levert ein omfattande nettstad der elevane enkelt kan setje opp eit «skreddersydd» studieløp tilpassa sine ønsker og behov.

I prosessen har vi blant anna utvikla ein integrasjon mellom WooCommerce og deira interne administrasjonssystem slik at faga til ei kvar tid er oppdaterte. Vi har også utvikla ein integrasjon mellom Gravity Forms og administrasjonssystemet slik at nye søknader på vidaregåande skole kjem direkte inn i dei interne systema til Akademiet.
Foto av Briksdalsbreen og turistar.

Bookingløysing som organiserer aktivitetane på land for cruisepassasjerer

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark, og trekkjer kvart år til seg 300.000 gjestar frå heile verda. Svært mange av desse kjem med cruiseskip, og blir tekne imot i Olden og skyssa inn til breen av Oldedalen Skyss. Dette er ein omfattande logistikkoperasjon.

For Oldedalen Skyss AS har vi derfor utvikla ei bookingløysing som organiserer aktivitetane på land for dei som skal ta cruisepassasjerar inn til breen. I løysinga kan dei legge inn informasjon om passasjerane; t.d. omsyn dei må ta med tanke på matallergiar hos enkeltpassasjerar, behov for hjelpemiddel, spesialtransport og anna.

Overvaking av parkeringsplassar

For inPark har vi utvikla ei løysing for overvaking av parkeringsplasser, som kommuniserer med ein sensor på kvar parkeringsplass. Applikasjonen viser ledige og opptatte plassar, kor lenge kvar bil har stått parkert med meir. Løysinga lagrar og indekserer titusenvis av daglege hendingar.

Rekrutteringsportal for Sogn og Fjordane

Framtidsfylket jobbar for næringslivet i Sogn og Fjordane, og no også ein større del av Vestland, og har mellom anna som oppgåve å vise fram arbeidsplassane denne delen av Vestlandet har å by på, og å vere en felles rekrutterings- og kommunikasjonsplatform. Vi utvikla det som var den første rekrutteringsportalen til Framtidsfylket med «Min side»-funksjonalitet, der jobbsøkjarar kunne legge inn CV og laste opp vedlegg, søkje på stillingar. Arbeidsgivar kunne bruke samme system til å lyse ut stillingar og behandle søknader.

Kontakt oss

crossmenuarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram