Design og drift av nettstad

Nettsida er gjerne ditt fremste verktøy i markedsføringa, og ansiktet til bedrifta di. Derfor er vi opptekne av at nettsida di har eit godt og brukarvenleg design, på same tid som den er teknisk solid og driftsikker.

Nettside

Ei nettside som bygger merkevara di

Med ei samling av utviklarar, webdesignerar og markedsførarar skaper vi eit produkt som gjer merkevara di endå sterkare. Vi ønsker at du byggjer ein sterk markedsposisjon, og grunnlaget legg du på nettsida. Med ein kombinasjonen av flott design og strategisk tenking skaper vi ei nettside som gir deg og kundane dine meirverdi.
Vil du ha tilbod på nettside hos oss?  Kontakt oss her.
Du kan redigere nettsida sjølv, eller be oss om hjelp
Responsivt design
Trygge oppdateringar og sikkerheitssertifikat
Inga bindingstid

UtsJÅNAD

Korleis skal nettsida di sjå ut?

Saman kjem vi fram til kva som passer best for di verksemd, og skreddarsyr nettsida til ditt behov. Eksempel på hva vi har utvikla finner du under casar.

Rimeleg malbasert løysing

Av erfaring veit vi at bedrifter har ulike preferansar til kva nettside dei ønsker seg. Ein del nyoppstarta og små bedrifter har eit avgrensa budsjett å bruke på nettside, og treng gjerne i første omgang berre ei enkel og billig nettside med mindre avanserte løysingar. Derfor tilbyr vi rimelege nettsider utvikla med ein fleksibel mal i botnen. Nettsida er responsiv og innhaldet tilpassar seg både mobil-, nettbrett- og PC-skjerm. Sidan vi startar med ein passande mal, og ikkje med blanke ark, så brukar vi mindre tid enn på ei skreddarsydd løysing.

Skreddarsydd nettstad

Med ei skreddarsydd løysing kan du få alt nøyaktig slik du ønskjer, ned til den aller minste detalj. Slike løysingar krev mer arbeid for teamet med webdesigner, webutviklar og prosjektleiar. Resultatet av dette er ei unik løysing, skreddarsydd for deg og dine behov.

KVIFOR Mediebruket?

Kvifor skal du velje akkurat oss?

Her kan du sjå nokre av våre tidlegare prosjekt
Mediebruket er et markeds- og teknologibyrå. Med oss som partnar får du ei tverrfagleg, gjennomtenkt og skreddarsydd digital løysing. Vi ønsker å hjelpe bedrifter og organisasjonar med å nå forretningsmåla sine, og saman kan vi gjere nettopp dette.

Korleis vi jobbar

I Mediebruket jobbar vi tverrfagleg. Teamet er ein kombinasjon av utviklarar, webdesignerar, webredaktørar og markedsførarar. Du som kunde får ein prosjektleiar du forheld deg til og som du enkelt kan ta kontakt med. Vi er glad i hyppig og rask kommunikasjon, og nyttar oss av verktøy som Slack, Trello og Basecamp, for planlegging og gjennomføring av arbeidet med din nye nettstad, og dokumentasjon av arbeidet som er gjort.

Hosting og support

Vi tar hand om vedlikehald, og oppdateringar av programvara som nettsida er bygd på. Inkludert i hostingavtalen er tilgang til vår supportkanal. Vi svarar raskt og gir deg den beste kundeservicen.
Les meir om hosting og support

Kontakt oss 

crossmenuarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram